Festaftan 2024
Informasjon
Manger Musikklag har nok ein gong glede av å invitere til FESTAFTAN med stjernedirigent og trombonesolist Even Skatrud i Radøyhallen på Manger!
Her får de servert ein gigantisk hitparade av musikk i lettbeinte sjangrar, og med seg på scena har dei sjølvaste Tor Endresen! Her er det berre å glede seg!
Vidare ut over kvelden og natta speler DJ Torbjørn Mjøs - ta med danseskor!
Dørene opnar klokka 19.00, møt i god tid! Både mat og drikke vert å få kjøpt på arrangementet, som har 18 års aldersgrense.
Eit begrensa antall Early Bird billettar er tilgjengeleg fram til 31.12.23.
Ønskjer du å reservere bord til vennegjengen eller bedrifta di? Send reservasjon på e-post: fest@mangermusikklag.com
Vel møtt!
Restriksjoner
18 års aldersgrense